Velkomen til fjells

Litt om turisthytta

Velkomen til Dyranut turisthytta på Hardangervidda.

Dyranut turisthytta ligg ved RV 7 over Hardangervidda i Eidfjord Kommune. 

Hytta ligg på 1246 m.o.h.

Dyranut er eit fint utgangspunkt for turar både sommars- og vinterstid. 

Staden er lett tilgjengeleg med bil både sommar og vinter, og i tillegg går det buss over Vidda på sommarstid.

Avstand frå Dyranut til Geilo er 55 km, og 35 km til Eidfjord

Stiar og løyper rundt turisthytta


Det er merka stiar om sommaren (DNT-merking) og kvista løyper på vinterstid.


Heimelaga mat

Me serverer heimelaga mat av lokale råvarer
 

Me ser fram til besøk av deg

Dyranut Turisthytta tlf 536 65 715